Om meg og forfattarskapen

Magnhild Bruheim

Kvifor forfattar?
Eg har hatt lyst til å bli forfattar heilt frå eg var jentunge. Grunnen var at eg var glad i å lesa og likte å laga eigne historier. Vel så viktig årsak var nok at onkelen min var forfattar (Jan-Magnus Bruheim), det inspirerte meg og styrka ideen om at eg også kunne bli forfattar.
I ungdommen skreiv eg dikt, som eg fleire gonger fekk høve til å lesa opp, det eine stod på trykk i avisa saman med eit intervju. På den tida drøymde eg om å gje ut diktsamling.
Det vart verken diktsamling eller noko anna før mykje seinare. Eg skreiv litt, tenkte å få til ein roman, men det vart ikkje fart på sakene før eg bestemte meg for å gjera alvor av planane, og skrive ferdig eit heilt manus. Det klarte eg, sendte manus til forlag, og fekk nei. Likevel var eg oppløfta fordi eg hadde klart å gjennomføre, og lysta til å skrive vidare vart berre sterkare.
Krimforfattar
Så fekk eg ideen om å skrive om ting som hadde skjedd i barndomsåra mine i Skjåk. Noko skummelt. Der skjedde det kvar haust at det dukka opp eit skremmande vesen. Det var personar som hadde kledd seg ut og gjekk etter vegen på mørke kveldar. I Skjåk vart den utkledde kalla langfyrkja, fordi han/ho gjekk på stylter og hadde eit stort kvitt laken over seg, vart det sagt. Eg møtte aldri langfyrkja, men var livredd for å gjera det, mange andre gjorde det. Det var ikkje same personen kvart år, og langfyrkja kunne dukka opp på ulike stader i bygda.
Skulle eg skrive bok om dette, kunne det bli ei krimbok, tenkte eg. Og det vart debutboka mi, Varselet frå 1997. Eg la inn mange andre skumle ting og andre minne frå barndommen i 1960-åra. Boka fekk veldig god mottaking, og eg hadde lyst til å skrive meir krim. Men slik sett kan ein seia at det var tilfeldig at eg vart krimforfattar.
Eg ville bruke same etterforskar og ein del av dei same hovudpersonane, derfor måtte eg halde meg i fortida, nå vart det 1970, ungane i Varselet er nå ungdommar. Boka fekk tittelen Maskerade, fordi handlinga startar med at ei kvinne blir drepen på ein maskerade i bygda.
Ein del av personane vart med også til neste bok, Utan englevakt, handlinga er nå lagt til 1975. Kvinnesaka har kome til bygda, ein mann misser livet i ein mordbrann, og dermed er det i gang. Den fjerde krimboka, Svart arv frå 2001, ligg nærmare nåtid, men har same etterforskar som dei tre første, Mons Strand. Det er den krimboka eg sjølv synest er mest vellykka, og eg har seinare laga radioteater i fire delar av den.
Dragsug kom i 2002, da ville eg skrive om aktuelle fenomen i vår tid, mellom anna om nettdating. Dermed trong eg ein ny hovudperson, det vart Tone Tarud, journalist, som sjølv prøver seg med kontaktar på nett. Boka opnar med at ho finn eit kvinnelik ved Mesnaelva i Lillehammer. Medan dei første bøkene kan kallast bygdekrim, er handlinga i Dragsug lagt til Mesnalia og Lillehammer.
I 2008 kom Nattskrik, da er eg tilbake i bygda. I dei første bygdekrimmane plasserer eg ikkje handlinga til ei spesiell bygd, men Nattskrik er lokalisert til heimbygda mi Skjåk. Ei gruppe ungdom set opp eit amatørteaterstykke på Sota, ei av dei blir kort tid etter funnen drepen i området. Hovudpersonane her er politibetjent Hans Velid og dottera Tuva Velid, journalist.
Inspirert av historie og av eige liv
Nattskrik er inspirert av ei gammal segn frå Skjåk. Nokre år før eg skreiv krimboka, var eg på jakt etter historiske hendingar som kunne brukast i ein roman. Eg hadde nemleg lyst til å skrive ein historisk roman. Da kom eg over ei sak som eg hugsa frå studiane mine i folkeminne. Ei trolldomssak frå Øyer i Gudbrandsdalen. 13 år gamle Siri Jørgensdatter som blir avhøyrt fordi ho har fortalt om trolldom og reiser til Blåkollen (der heksene samlast og går til bords med djevelen), som både ho og bestemora har vore med på.
Avhøyret er eit av dei få trolldomssakene som finst i sin heilskap, heile forklaringa til Siri er referert. Den kunne eg bruke i romanen, resten av handlinga er basert på research og dikting. I samband med dette arbeidet gjekk eg gjennom alle trolldomssakene frå Gudbrandsdalen, det er mange av dei, både kvinnar og menn vart halshogne eller brende på bålet. Boka Trolldomskraft kom i 2005.
Eg trur dei fleste forfattarar har ei historie eller bok dei går med inni seg, som er den boka som er viktig å få skrive. For meg vart det Det som ein gong var frå 2010. Svært mykje av det som står i boka er sjølvopplevd, hendingar som har gjort inntrykk på meg, som har vore med på å forme livet mitt, dei såre punkta. Men det er ein roman, ein del er oppdikta der også.
Over til ungdomsbøker
I utgangspunktet hadde eg ingen planar om å skrive for barn og ungdom, men etter å ha skrive fleire krimbøker for vaksne, vart eg oppfordra til å skrive spennande bøker på nynorsk for ungdom også. Så eg skreiv spenningsboka Ny melding, om venninnene Kami og Bente. Inspirasjonen var aktuelle saker i nyheitene om unge jenter som får kontakt med ukjente på nett, personar som kan vise seg å vera heilt andre enn dei gjev seg ut for.
Boka fekk god mottaking og utdrag vart brukt i fleire læreverk, det gav lyst til å skrive fleire ungdomsbøker. Oppfølginga vart Venneringen, deretter På flukt og Blod på hendene, med dei same personane. Alle desse bøkene er inspirert av saker frå nyheitsbildet. Vil du lesa meir om dette, kan du gå inn på lenka til kvar av bøkene.
Ungdomsboka Det som er sant begynte som eit teaterstykke eg skreiv på eit kurs om scenekunst. Stykket kom ikkje opp på scene, eg skreiv det i staden om til roman. Her er det konflikt mellom venninner, ryktespreiing og anklage om valdtekt. I motsetning til serien om Kami og Bente, ligg synsvinkelen hos den same gjennom heile boka. Det same gjeld i Avlyst på grunn av sorg, som er fortalt i eg-form. Om Eline som opplever si første kjærleikssorg, men som møter ein som ber på ei større sorg.
Mystikk og inspirasjon
Ein forlagsredaktør spurte ein gong om eg kunne tenkje meg å skrive spenningsserie for yngre, det vil seia for aldersgruppa 9 til 13 år. Det hadde eg lyst til, og bestemte meg for å skrive om ein gut og ei jente som løyser mysterium. Først måtte eg skapa hovudpersonar, det var stesøskena Stian og Stine på 12 år. Det første mysteriet har med ein motorsyklist å gjera, derfor fekk boka tittelen Motorsykkelmysteriet. Deretter kom Hyttemysteriet og Bjørnemysteriet.
Alle barne- og ungdomsbøkene er inspirerte av nyheitssaker eg les eller andre av historier eg har lese eller høyrt, eg likar at dei skal ha aktuelle tema. Før eg begynner på ei bok, det gjeld også vaksenbøker, må eg sjølvsagt ha ein ide, og den ideen er utgangspunktet eg så diktar vidare på. Eg lagar aldri disposisjon, ofte veit eg ikkje korleis det skal gå, korleis eit krimmysterium skal løysast, korleis historia skal ende. Det skriv eg meg fram til etter kvart, kapittel for kapittel. Når eg kjem til slutten, må eg derfor ofte gå tilbake og forandre ting i starten. Dessutan skriv eg kvar bok fleire gonger før den er ferdig, sjølv om den grunnleggjande historia er den same. Redaktøren i forlaget peikar stadig på manglar, ting som kan bli betre.
Journalisten og turvandraren
Før eg begynte å skrive for alvor, tok eg utdanning som journalist. Det var lysta til å skrive som var drivkrafta, sjølv om eg enda opp å arbeide som radio- og etter kvart TV-journalist, der det vart mest snakking. Eg arbeidde i NRK i programpostane Sånn er livet, Dagsnytt, Magasinredaksjonen (Ukeslutt, Søndagsavisa, Dagsnytt Atten) og Kulturnytt, før eg flytta til Lillehammer og begynte som radio- og TV-journalist i distriktsendinga der. Etter at eg gav ut dei første bøkene, vart det stadig mindre NRK-jobbing og meir skriving, heilt til det berre vart skriving og oppdrag knytta til det (som den kulturelle skolesekken). Dei siste ti-femten åra har eg i hovudsak vore forfattar på heiltid.
Eg bur på Lillehammer, men har også hus i Skjåk, i barndomsbygda, i barndomsheimen. Sjølv om eg i ungdommen var glad for å flytte frå bygda mi, koma meg ut og bort, har eg alltid likt å koma tilbake. Nå er eg veldig glad i Skjåk og er der ofte, særleg om sommaren. Det er fantastisk mange moglegheiter for fjellturar og andre opplevingar der. Eg trur eg kan seia at den viktigaste interessa mi ved sida av skriving og lesing, er å gå på fjellturar.
  • Tafjordfjella
    Tafjordfjella 14. juli 2019
Kontakt
Eg har vorte mykje kontakta av ungdommar som skriv skoleoppgåve knytta til bøkene mine. For dei som gjer det, håper eg de finn opplysningar de treng på denne sida. Har du fleire spørsmål, så kan du gå inn på lenka Kontakt. Eg har også Facebook-konto, der eg skriv litt om kva som skjer, men det meste har ikkje så mykje med forfattarskapen min å gjera. Det er mogleg å skrive Messenger der.