Ny Krimbok: Stjernefallet

Endeleg ny krimbok! Handlinga i denne boka er lagt til Finnskogen. Journalist Tuva Velid har fått intervjuavtale med tidlegare skodespelar Eva Lindbo. Lindbo var ei stor stjerne før ho ein del år tidlegare brått trekte seg frå rampelyset. Den siste tida har ho budd åleine på Finnskogen.

Ei melding som Tuva Velid har fått frå henne, tyder på at ho har noko viktig å fortelja. Men da journalisten kjem til huset, finn ho Lindbo død. Politiet får raskt mistanke om at det ligg noko kriminelt bak. Eva Lindbo har ikkje hatt kontakt med familien sin på mange år, men det kjem fram at like før ho døydde, har både dottera og eksmannen vore på besøk og hatt opprivande møte med henne.

Tuva Velid nøster vidare i historia til den døde. Kvifor trekte Lindbo seg frå draumerolla? Kva var det ho hadde funne ut om sorg og overgrep?

Ein lokal slektsforskar kan fortelja at far til Lindbo, Karl Jørgensen, i 1956 vart skulda for eit drap. Han hadde i mange år vandra på Finnskogen. Eitt eller anna hadde skjedd mellom tateren Jørgensen og vennen hans av bondeslekt. Historia om Karl og buroen Wilhelm er ei parallellforteljing i boka.

Nytt denne gongen er at eg etter 19 bøker nå gjev ut på eige forlag, Juva. Det har vore ei spennande erfaring. Håper boka blir å få tak i på bibliotek og i bokhandlar. Den som ønskjer å kjøpe boka direkte, kan sende meg melding.

Slik opnar boka:
Langt inne på Finnskogen, på den svenske sida av riksgrensa, oppstod ein gong eit fenomen ingen kan forklare. Eit korsmerke i jorda. Korset er tydeleg og har vore der så lenge folk i området kan hugse. Ingen veit opphav eller årsak. Vegetasjonen har aldri klart å fjerne det. Det er som eit sår som aldri vil gro.

Forskarar har studert det og prøvd seg med forklaringar, utan at folk blir så særleg klokare.

Folk som hadde levd her før, ante makter i jorda. Staden har derfor hatt ein mystikk over seg. Noko uforklarleg, som samtidig var skremmande. Kvilte det ei forbanning over staden, eller var korset eit godt teikn?

Akkurat på denne staden fann dei liket. Den døde var plassert over korset i marka. Rundt stod granskogen tett og tung.

Sjølve ansiktet til mannen såg fredfullt ut, som om døden hadde kome roleg og forsonande. Men eit dødt ansikt teier om det som skjedde sekunda før. Eventuell smerte, liding og angst blir viska ut. Det var likevel ingen tvil om at den som låg her, hadde kjent både smerte og angst før døden overtok. Skadar i bakhovudet tydde på harde slag. I eit sår på venstre side av brystet stod ein kniv, som eit punktum på det heile. Kniven var ikkje stor, og skaftet hadde inngravert eit sirleg mønster.

Kva var det for drama som enda her?

Litteratursymposiet i Odda

Litteratursymposiet i Odda er i år 8.-10. oktober. I samband med det skal eg på forfattarbesøk på fleire skolar i Ullensvang 7.-9. oktober. Røldal skule, Skare skule, Opedal skule, Kinsarvik skule og Tyssedal skole. På dei fleste skolane skal eg møte mellomtrinnet, så da skal eg snakke mest om mysterieserien (Motorsykkelmysteriet, Hyttemysteriet og Bjørnemysteriet). I Kinsarvik skal eg også besøkje ungdomstrinnet, da vil eg snakke om den nyaste boka, Avlyst på grunn av sorg.

Symposiet byr på mykje godt program utanom det skolane får. Her er programmet

http://www.litteratursymposiet.no/program

Diktardagar 2020

Programmet for Diktardagar 2020 er klart. I år blir det ei avgrensa utgåve av desse litteraturdagane på grunn av koronaen.

I årets program er hovudteamet to jubileum, 100 år sidan Knut Hamsun fekk Nobelprisen, og 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd. Aukrust hadde far frå Lom og skreiv mellom anna om Flåklypa, som er ein konkret plass i Bøverdalen.

Diktardagar er litteraturdagar i Lom, Skjåk og Vågå, som blir arrangert kvart år, første helga i september.

Eg sit i styret for Diktardagar, som representant frå Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Eit av oppdraga mine i år er å leia eit bokbad med Lars Mytting, Rønnaug Kleiva og Sigmund Løvåsen (som skriv biografi om Kjell Aukrust).

Ny ungdomsroman

Avlyst på grunn av sorg (2019)

Kjensler i kaos. Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag.

I denne ungdomsromanen utforskar eg det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Eg stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.

1 2