Nytt opplag
Ungdomsboka «Avlyst på grunn av sorg» har nå kome i nytt opplag. Det er alltid gledeleg når bøkene er utselde frå forlaget, og det må trykkast fleire.

Ungdomsboka «Avlyst på grunn av sorg» har nå kome i nytt opplag. Det er alltid gledeleg når bøkene er utselde frå forlaget, og det må trykkast fleire.
Litteratursymposiet i Odda er i år 8.-10. oktober. I samband med det skal eg på forfattarbesøk på fleire skolar i Ullensvang 7.-9. oktober. Røldal skule, Skare skule, Opedal skule, Kinsarvik skule og Tyssedal skole. På dei fleste skolane skal eg møte mellomtrinnet, så da skal eg snakke mest om mysterieserien (Motorsykkelmysteriet, Hyttemysteriet og Bjørnemysteriet). I Kinsarvik skal eg også besøkje ungdomstrinnet, da vil eg snakke om den nyaste boka, Avlyst på grunn av sorg.
Symposiet byr på mykje godt program utanom det skolane får. Her er programmet
http://www.litteratursymposiet.no/program
I november skal eg delta på Falturiltufestivalen på Stord.
Falturiltu er verdas største nynorske barnebokfestival, og den går føre seg på Stord i veke 45 kvart år. Eg skal mellom anna snakke om «Avlyst på grunn av sorg».
Programmet for Diktardagar 2020 er klart. I år blir det ei avgrensa utgåve av desse litteraturdagane på grunn av koronaen.
I årets program er hovudteamet to jubileum, 100 år sidan Knut Hamsun fekk Nobelprisen, og 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd. Aukrust hadde far frå Lom og skreiv mellom anna om Flåklypa, som er ein konkret plass i Bøverdalen.
Diktardagar er litteraturdagar i Lom, Skjåk og Vågå, som blir arrangert kvart år, første helga i september.
Eg sit i styret for Diktardagar, som representant frå Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Eit av oppdraga mine i år er å leia eit bokbad med Lars Mytting, Rønnaug Kleiva og Sigmund Løvåsen (som skriv biografi om Kjell Aukrust).
Litteraturkritikare i NRK med tilråding om sju ungdomsbøker i haust. Blant dei er «Avlyst på grunn av sorg».
«Kjærlighetssorg, svik, vennskap, omsorgssvikt og overlevelsesvilje er sentrale temaer i denne fine fortellingen», skriv NRK-kritikarane Anne Cathrine Straum og Gry Elise Jacobsen.
Det er alltid hyggeleg når bøkene er utselde frå forlaget. Dei tre første bøkene i serien om Kami og Bente har kome ut i pocket.
I haust kom det nytt opplag av ungdomsboka «Det som er sant».
Kjensler i kaos. Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag.
I denne ungdomsromanen utforskar eg det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Eg stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.
Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no har tatt initiativ til å kåra dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000. Juryen har valt 10 bøker, blant dei er «Motorsykkelmysteriet».
Kåringa er ein del av Bokåret 2019 og skal visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.
Den første boka i mysterieserien om Stian og Stine, finst også i samisk utgåve.
Ny turneveke starta på Stasjonsfjell skole i Oslo. Tre dobbelttimar, i morgon Haugenstua ungdomsskole. Dette er siste av fire turneveker i Akershus og Oslo. Dei fleste klassene er det hyggeleg å besøke, med aktive og engasjerte ungdommar. Men på enkelte skolar opplevest det å koma inn i ei klasse som å møte veggen.
Eg funderer ein del på kvifor det er så forskjellig frå skole til skole. Eg trur det har mykje å seia om elevane er motiverte, eller om dei tenkjer at dette berre er ein time som er utanfor pensum og dermed ikkje så nøye om dei får med seg noko.