Læraren Birger Svali døyr når huset hans brenn ned. Kona hans Toya har tidlegare skulda han for mishandling, og granskinga viser at ho har vore innblanda i brannulykker før. Men også andre kan ha hatt motiv for å drepe han. Fleire har grunn til å teie om fortida, og skuld og uskuld er ikkje alltid lett å skilje. Både venninnene til Toya og politiet kjem i tvil om kva som er sant, og kva som er løgn.
Mot eit bakteppe av kvinnefrigjering og politisk bevisstgjering avdekkjer politietterforskar Mons Strand ei historie der mange er noko anna enn dei gir seg ut for å vera. Kan han tru på Toya Svali? Denne gongen er handlinga lagt til midten av 70-talet. Klara Viken, som har vore med i begge dei to første krimromanane, er nå kvinneaktivist og har kome tilbake til heimetraktene.
Sitat frå dagboka til Toya Svali
«I denne tåka skal eg leite etter spor. Eg prøver å sjå om det finst eit mønster. Om slutten høyrer saman med starten. Var det kanskje ikkje til å unngå, det som skjedde den siste kvelden? Eg må gå gjennom livet, bit for bit, for å finne ut om alt kunne ha enda på ein annan måte. Viss ikkje, er eg fortapt. Den siste engelen er borte. Eg veit ikkje kva eg skal gjera med livet mitt.»
Frå bokmeldingar
«Utan englevakt er ei bok som ikkje er lett å leggje frå seg før siste sida er lesen. (…) Dette er god krim og god underhaldning.»
(Fjordingen)
«Bruheims forteljarmåte er overveldande. Ho skriver så detaljert slik at lesaren får ein kjensle av å vere der og oppleve alt med eigne augne. (…) Ein blir aldri lei av å lese denne krimromanen, det er alltid noko spennande som skjer. (…) Samtidig er det mykje grubling av etterforskaren og venninnene som eg synes er spennande å følgje med på. Denne boka anbefalast for alle som elskar krim! Men også for dei som vil byrja med ein enkel, men samtidig spennande bok ! Boka får terningkastet 5!»
(krimgal.blogspot.com)