Stjernefallet

Stjernefallet
Skodespelar Eva Lindbo var ei stor stjerne, før ho brått trekte seg frå rampelyset. Den siste tida har ho budd åleine på Finnskogen. Dit drar journalist Tuva Velid for å intervjue henne, men da ho kjem til huset, finn ho Lindbo drepen.

Mens politiet etterforskar drapet, nøstar Velid vidare i historia til den døde. Kvifor trekte Lindbo seg frå draumerolla? Kva var det ho hadde funne ut om sorg og overgrep?
Ein lokal slektsforskar kan fortelja at far til Lindbo i 1956 vart skulda for eit drap. Kva for hemmelegheiter skjuler seg i historia om tateren Jørgensen og vennen hans av bondeslekt?

Kommentarar frå lesarar:

  • «Medrivande, levande og med eit framifrå nynorsk.»
  • «Finurlig plot, flytende godt fortalt, meningsfull folkelivsskildring, spennende til siste slutt.»
  • «Anbefales. Spanande frå det fyrste til det siste. Terningskast 6.» 
  • «Stjernefall er en velskrevet bok med ei godt skrudd sammen draps- og etterforskningsintrige, og nyanserte og dermed troverdige skildrete personer. Fri for spekulative voldsscener – til gjengjeld drives handlingen fram av bl a den snedige måten forfatteren suger oss inn i viktige temaer på. En terningkast 5-bok!» 
  • «Godt skrevet, bra driv i historien og en interessant rammefortelling.»

Pris: kr 350 (inkludert frakt).
Bøkene er på lager, og blir sendt ut straks.