Maskerade

Under ein nyttårsmaskerade blir Oddny Vangen funne drepen utanfor festlokalet. Det er uklart kven som kan ha hatt motiv for å ta livet av den ugifte 42-åringen, men etter kvart kjem stadig meir av hennar liv og hemmelege draumar for ein dag. Året er 1970, og politietterforskar Mons Strand er attende i den same bygda han løyste ei mordsak nokre år tidligare. Han er snart innblanda i dramatiske hendingar, styrt av sladder, sjalusi, erotikk, misunning og hat.

Lensmannen heldt eit fotoalbum i eine handa. Han slo opp og viste Mons Strand ei side der det var limt inn eit stort avisbilde av Erik Bye. Rundt bildet var det teikna eit hjarta. På eit anna bilde stod han med armen rundt eit menneske, men det var ikkje godt å vita kven det hadde vore, for her hadde Oddny Vangen limt inn eit foto av seg sjølv, slik at det såg ut som om det var henne Erik Bye heldt eit godt tak rundt.

Dette er andre boka om etterforskar Mons Strand frå Kripos. Også Klara Viken frå debutboka «Varselet» er med, nå er ho 15 år. Men det handlar meir om venninna hennar, Unni Sletta, som saman med kjærasten finn den drepne kvinna. Unni er lei og i sterk opposisjon til foreldra sine, som begge har viktige roller i boka.

Frå bokmeldingar
«Et riktig blinkskudd av en kriminalroman.»
(Yngvar Ustvedt, NRK P2)
«En fint komponert forteljing, med stigende spenningskurve (…) Bruheim viser at hun er blitt en dyktig håndverker, gjennom lett flytende dialoger og tempo i sceneskiftene.»
(Turid Larsen, Dagsavisen)
«Overflatisk sett kan man som leser få inntrykk av at Magnhild Bruheims hovedambisjon med romanene sine er å skape en spennende, variert og troverdig intrige. Og hun klarer det, bare så det er sagt. Men boka er også et tidsbilde. Vi som var unge rundt 1970 kjenner igjen den dragende fornemmelsenen av opprør, oppbrudd og utprøving som hun skildrer.»
(Harald Skjønsberg, Dagbladet)
«Miljøet er så norsk som det kan få blitt, men Maskerade er av internasjonal klasse.»
(Bjarne Botnen, Vårt Land)
« …heller ikke Maskerade er en bok man bare legger fra seg når klokken er slagen. Det er den for spennende til. Det er den for velskrevet til.»
(Nøste Kendzior, Nordlys)