Det som ein gong var

«Det som ein gong var» er den mest personlege boka eg har skrive, fordi det er så mykje sjølvopplevd her. Hovudpersonen i boka, som eg kallar Live, er på mange måtar meg sjølv. Det er likevel ein roman, så ein del er dikta opp. Men mange barndomsminne er med, og det er i stor grad forholdet til min eigen far eg skriv om.

Frå baksideteksten
«Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tar oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt, til ei stor sorg og ei skuldkjensle som kastar lange skuggar. Faren, som har vore død i mange år, trer stadig tydelegare fram. Den unge Live er skarp, livleg og morosam, og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet. Her er det mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote, musikk. Heile tida ligg det eit mørke under som varslar om kva som skal komme.»

Eg kjenner eit sug i magen og går så fort eg kan. Alle trea i skogen. Han kan ha tatt med eit reip tidlegare og hatt det liggande på vent. Eg stoppar opp og lyttar. Høyrer ingenting. Ingen hogg mot treleggar. Driv han ikkje og arbeider? Eg aukar farten litt til. Prøver å sjå gjennom trea. Finne ut om noko rører på seg. Eller ikkje rører på seg.

Frå bokmeldingar
«Magnhild Bruheim har skrive ei bok som gradvis tetnar til og endar opp med å gjera eit veldig inntrykk. Det verkar så autentisk, så opplevd, så ærleg …»
(Eigil Steinsfjord, Vårt Land)
«Jeg begeistres over de mange lagene i denne boka.»
(Ivar Olstad, GD)
Les heile meldinga i GD.