Avlyst på grunn av sorg

Herregud, eg har sett så mange som liknar på deg, pene, vellykka, frå gode familiar, som siglar i medvind. Så snart det buttar imot, er det krise.

Eline blir dumpa av Jonas, brått og uventa, og opplever si første store kjærleikssorg. Snart går ho på nye, sviande nederlag. På same tid møter ho Tomas, som lever i skjul i skogen. Han gøymer seg for nokon. Kva er historia hans? Og har dei to eigentleg like stor rett til å sørgje?

Bruheim utforskar i denne ungdomsromanen det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Ho stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.

Frå bokmeldingar
For ei jente i hennar (red: Elines) alder kan slike ting vere særs krevjande, og eg synest Bruheim gjer desse vanskane og korleis Eline opplever dei, truverdige. Dramaturgien er ikkje overdriven; heller ikkje sminka meir enn naudsynt. Likevel slik at ein heile tida er spent på kva som skjer på neste side. (…) Finalen i siste kapittel er korkje uklår eller konkluderande. Utan å bruke happy ending-klisjear skildrar forfattaren likevel korleis hovudpersonen gjennom alle vanskane, har vakse som menneske og er på veg til å finne att seg sjølv.
(Per Ivar Henriksbø, GD)

Trekt fram av NRK blant de beste ungdomsbøker i 2019.