Turneveke i Akerhus og Oslo

Ny turneveke starta på Stasjonsfjell skole i Oslo. Tre dobbelttimar, i morgon Haugenstua ungdomsskole. Dette er siste av fire turneveker i Akershus og Oslo. Dei fleste klassene er det hyggeleg å besøke, med aktive og engasjerte ungdommar. Men på enkelte skolar opplevest det å koma inn i ei klasse som å møte veggen.

Eg funderer ein del på kvifor det er så forskjellig frå skole til skole. Eg trur det har mykje å seia om elevane er motiverte, eller om dei tenkjer at dette berre er ein time som er utanfor pensum og dermed ikkje så nøye om dei får med seg noko.

tXt-aksjonen

Dei siste dagane har eg reist rundt som premie! Utdrag frå “På flukt” er med i fjorårets tXt-aksjon, i heftet “Frå sans og samling”. Som ein del av aksjonen kunne elevar sende inn svar på oppgåver. Nå er det kåra ei vinnarklasse eller vinnarskole i kvart fylke, dei får eit forfattarbesøk i premie.

Onsdag besøkte eg ei klasse på Åretta ungdomskole i Lillehammer (oppland), i går var eg på Kvikne skole i Tynset (Hedmark). Det var ein lang biltur i snøver på vinterglatt føre, køyrde nok tilsaman over 50 mil. Men eg fekk jo eigentleg ein premie tilbake, ein time saman med ein hyggeleg lærar og ein like hyggeleg ungdomsgjeng på ein ny og flott skole.

Alltid moro å møte nye folk på ulike kantar av landet. Om litt over ei veke skal eg til Gulen i Ytre Sogn.

Palestina-besøk

Heime att etter ei veke i Palestina, der vi har sett på nært hald korleis israelske myndigheiter og jødiske nybyggjarar oppfører seg mot palestinarane. Det er opprørande, og vi norske demokratar som meiner at rettferd er eit viktig prinsipp, blir sinte. På turen las eg boka «Morgen i Jenin» av Susan Abulhawa, den gjev ei litterær framstilling av det same. Ei bok som gjer at ein forstår betre kva det folket har vore gjennom og vilkår som dei framleis lever under.

Dagen før eg reiste, den 14. oktober, sende eg inn til forlaget nytt krimmanus.

1 2