Venneringen

Venneringen er den andre boka i serien om venninnene Bente og Kami. Denne gongen drar jentene på hyttetur, fire venninner saman. Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt. Venninnene Kami og Ingrid har hemmelege ting på gang som ho ikkje får vite om. I hytteområdet skjer det innbrot og valdtekt, og jentene blir dratt inn i etterforskinga. Bente får ei bildemelding som tyder på at ein eller annan følgjer godt med på alt dei gjer. Dessutan er det vanskeleg å forstå om Marius eigentleg er forelska i henne. Ho er i alle fall forelska i han.

Han rørte ved henne. Strauk armen med handa som framleis var kald etter badinga. Likevel brann det. Stod tida stille? Ja, ho gjorde faktisk det.

Så tok han handa bort, og tida begynte å tikke av stad att.

«Det funka», sa ho for å halde fast i det ei stund til.

«Kva da?»

«Tida stod stille i fleire sekund.»

Ungdommar om boka
«Jeg har funnet en bok. Tro det eller ei. Og det er ingen av de dere har anbefalt. Nei, vi hadde besøk av forfatteren på skolen, og jeg ble interresert i bøkene hennes. De er faktisk på nynorsk, men kjempe bra bøker, det er det. Har bare lest (leser!) denne ene, men av å ha hørt utdrag fra de andre bøkene, høres de og bra ut. Men denne er i allefall kjempe bra, anbefaler den boken.»
(ingrrrid.blogg.no)
«Spennende bok, en god miks av venninne-, forelskelse- og krimtema!»
(bfgleser.blogspot.com)
Frå bokmeldingar
«Dette er en bok som mange unge til kjenne seg igjen i og leve seg inn i. Og spennende er den også!»
(Kristin Søhoel, Gudbrandsdølen Dagninga)