Hyttemysteriet

Stian oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen, der det ein gong skjedde eit mord, som ikkje vart oppklart. Nå har nokon forsøkt å bryte seg inn der, og kanskje er personen framleis i nærleiken. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er.

– Men … tenk om den som har brote seg inn, har noko med drapet å gjera, sa Stian.

– Det har ikkje budd andre her sidan den gongen.

– Kven var dei folka som budde her da?

– Veit ikkje, sa Stian. – Det må vi finne ut. Eg veit berre at drapet ikkje vart oppklart, altså at dei ikkje fann drapsmannen.

– Tenk om det er han som har kome tilbake, sa Stine, og plutseleg kjendest det farleg ut å stå her.

– Hysj, kviskra Stian. – Det kjem nokon.

Nå såg Stine det også. Ein mann stod utanfor hytta. Han var kledd i ei grågrøn jakke og turbukser. På hovudet hadde han ei skyggelue over mørkt hår som stakk fram. Nå stod han roleg utanfor og såg seg rundt. Som eit rådyr på vakt mot lydar og rørsler. Stine heldt pusten. Ho høyrde ikkje ein lyd frå Stian heller. Som om begge hadde slutta å puste.

Kva var det eigentleg som skjedde i hytta den gongen? Kven er det som vil inn i hytta nå, og kva vil han der? Kan det vera mordaren som har kome tilbake?

Stian og Stine er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Saman er dei gode til å løyse mysterium, men det er ikkje alltid like lett å skulle balansere detektivarbeid og kvardagsliv.Hyttemysteriet er andre bok i ein engasjerande spenningsserie for dei yngre lesarane.