Blod på hendene

Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien. Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjent mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart truande.

Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene!

Blod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot pelsindustrien og mobbing.

Sitat frå boka, der Kami står vakt, og aksjonistane blir oppdaga:
Likevel blir ho ståande utan å røre på seg. Det er som om kroppen nektar. Fastfrosen, mens sekunda går. I staden er den eine personen nå på veg gjennom gjerdet med ei stor lykt i handa. Den andre set seg i bilen og køyrer i retning porten. Snart vil dei tre vennene hennar vera fanga. Gjerdet er for høgt til å klatre over, einaste utvegen er den dei sjølve laga litt tidlegare. Men prøver dei å koma ut der, støyter dei på ein mann med lykt.

Like etter høyrer ho eit brøl, nokon som ropar. Enda fleire rop. Ho forstår at det er over. Helvete er laus. Aksjonen er mislykka. Det er ho også, som ikkje har klart oppgåva si. Ingen grunn til at Johan skal bli imponert over henne.