Stian og Stine møter ein gråtande gut, som seier han har blitt rana av ein bjørn. Stian og Stine er sikre på at dei har fått eit nytt mysterium å løyse. Det kan vel ikkje vera ein verkeleg bjørn?
Under arbeidet med mysteriet kjem Stian og Stine over fleire dyrekostyme på ein nedlagd gard. Har dyrekostyma på garden noko å gjera med overfallet på guten?
I denne tredje spanande krimforteljinga om Stian og Stine hender det fleire ran og innbrot. Det rare er at gjerningsmennene har på seg dyrekostyme. Stian og Stine grip fatt i saka og byrjar etterforska saka på eiga hand. Slik viklar dei seg inn i fleire skumle situasjonar. Kven er ven og kven er skurk? Og kva er det eigenleg som føregår i nattemørket på garden Vistad?
Ulven tok nokre steg nærmare.
Les også om dei to første bøkene i serien om Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet og Hyttemysteriet.