Velkomen til heimesida mi! På denne sida kan du lesa om meg og om bøkene mine.

Eg debuterte som forfattar i 1997 med krimromanen Varselet. Denne boka er inspirert av hendingar frå oppveksten min i Skjåk. Neste krimroman var Maskerade, som kom i 1999. Så følgde Utan englevakt, Svart arv og Dragsug. Nattskrik kom nokre år seinare. I 2024 kom så boka Stjernefallet, krim frå Finnskogen, som du kan lesa meir om HER.

Magnhild BruheimI tillegg til krimromanar har eg skrive ein historisk roman, Trolldomskraft, som handlar om den siste trolldomssaka i Noreg. Det som ein gong var er ein oppvekstroman, som er delvis sjølvbiografisk.

Dei siste åra har eg gjeve ut mest barne- og ungdomsbøker, både seriar og andre bøker. Ungdomsromanen Ny melding er første bok i ein serie om dei to venninnene Kami og Bente. Dei andre bøkene i serien er Venneringen, På flukt og Blod på hendene. Eg har også gjeve ut eit par andre ungdomsbøker og ein mysterieserie for større barn.

Eg er fødd og oppvaksen i Skjåk i Gudbrandsdalen, men flytta derifrå tidleg i ungdomen. Likevel kjenner eg meg som skjåkver og har hus der. Etter at eg flytta ut, har eg budd mesteparten av åra i Oslo og i Lillehammer, der eg framleis bur.

Eg har bakgrunn som journalist i NRK, dei siste tiåra har eg i hovudsak levd av å vera forfattar.

Vil du vita meir, kan du gå på lenka Om meg og forfattarskapen.