Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Varselet


(1997)
Varselet

Debutboka mi – som nokså tilfeldig vart ei krimbok. Eg hadde lyst til å fortelja om eit fenomen eg hugsar frå min eigen barndom i Skjåk. Det handla om menneske som kledde seg ut og gjekk rundt i mørkret for å skremme, særleg ungar var livredde for det vi kalla ”Langfyrkja”. Det namnet fekk ho/han fordi den utkledde gjekk på styltrer og bar eit stort kvitt laken over seg, dermed vart det eit langt vesen, ei lang førkje. Langfyrkja dukka ofte opp i mørke haustkveldar, og det var ikkje den same som kledde seg ut kvart år.
      Eg fann ut at denne historia kunne passe som ei krimbok, og la inn eit drap, samtidig som eg brukte andre historier og skumle ting eg hugsa frå oppveksten. Det passa derfor å leggje handlinga til oppvekståra mine på sekstitalet.

       To av hovudpersonane er søstrene Vigdis og Klara Viken på 16 og 10 år. Den sentrale etterforskaren er Mons Strand frå Kripos. Dette er første boka av fleire med Mons Strand.Frå baksideteksten på boka:
 

Denne hausten var ho her att. Dei som heldt teljing med slikt, kunne fortelja at det var fjerde gongen på tolv år at det skremmande uvesenet oppstod frå det ukjende.
       Langfyrkja – eit skrømt i mørkret.
       Men det var noko nytt denne gongen, som gjorde at fleire enn før kjende frysningane – ho hadde festa ein plakat på ryggen, der det stod: ”DET SKAL SKJE EI ULYKKE”.
      Utpå hausten hadde det skjedd ei ulykke – eller kanskje var det ikkje ”berre” ei ulykke?
Magnhild Bruheims fortetta spenningsroman vitnar om inngåande kjennskap til norsk bygdeliv. Tvers gjennom overtru, rykteflaum, misunning og sjalusi lyser varmen frå dette samfunnet imot oss. Med innlevande forståing skildrar forfattaren korleis eit mord kan skje – også i ei lita fredeleg fjellbygd.

Kritikarar om ”Varselet”:
”Det er grunn til å gratulere … med en oppsiktsvekkende god kriminaldebut (…) Norsk kriminallitteratur har blitt beriket med enda en dyktig dame.”
(Harald Skjønsberg, Dagbladet)

”Magnhild Bruheim har ikke bare vist at hun kan bygge opp en spenningsfortelling som tviholder på leseren til siste side; hun er også en riktig god skildrer av psykologiske tilstander hos ulike mennesketyper. Disse to egenskapene utgjør til sammen rett og slett nøkkelen til en kriminalforfatters suksess. Dertil kommer at vi her har å gjøre med en debutant som skriver som om hun aldri har gjort noe annet.”
(Nøste Kendzior, Nordlys)

”Ho lykkas uvanleg godt med å skape eit tidsbilde og gi ei miljøskildring som står til truande, slik at kriminalromanen Varselet også er ein oppvekstroman.”
(Hans H. Skei, Aftenposten)

Gå til forlagssida
Share on Facebook