Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Svart arv


 (2001)
Svart arv

Sjur Tveit får ein dag høyre ei utruleg historie om ei brur som rømde frå sin eigen bryllaupsdag frå ein gard i Gudbrandsdalen. Ho vende aldri tilbake. Men det som sjokkerer Tveit, er påstanden om at brura som rømde, var hans eiga mor. Kvinna som fortel historia, Karine Mollurd, påstår at ho er tanta hans, fordi brura var gravid da ho rømde. Det betyr at Sjue Tveit har eit opphav som til nå har vore halde skjult for han.
      Karine fortel at farmora hans nå er død, og at han har utsikter til ein større arv. Testamentet skal snart gjerast kjent, og ho ber Sjur koma for å få sin del. Full av tvil reiser han til bygda og til garden Mollurd. Dagen etter blir ein familiemedlem funnen drepen. Familieforholda er gjennomsyra av hat og vondskap og ulykkelege lagnader, og det ligg mange løyndommar skjult i historia deira.
       Etterforskar Mons Strand har slått seg til som lensmann i bygda. Saman med betjent Atle Reinertsen får han ei vanskeleg sak å løyse.

Dersom historia Karine Mollurd fortalde, var sann, måtte folket hennar hatt ein faen så god grunn for ikkje å oppspore han tidlegare. Han hissa seg plutseleg opp ved tanken på at dei hadde latt han i stikken i så mange år. Dei hadde sete trygt med familieeigedom og visst om at det fanst ein som ikkje hadde fått sin del. Ein som vart fornekta! Hadde det ikkje vore for Karine Mollurd, hadde han fått gå gjennom resten av livet like uvitande. Men kvifor hadde ho bestemt seg for endeleg å ta kontakt? Dette handla om meir enn arv, det kjende han seg sikker på. Kva var det ho ville bruke han til?

Denne boka er også dramatisert til radioteater og har gått to gonger som høyrespel i P1-krimmen i NRK, i 2009 og 2010.

Skrive om boka ”Svart arv”:
”Bygdekrim som oser av gammelt nag og hat, av undertrykt raseri og godt skjulte familiehemmeligheter.”
(Dagsavisen)

”En sann leseglede”
(VG)

Gå til forlagssida
Share on Facebook