Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

På flukt


(2010)
På flukt

Den tredje boka om venninnene Bente og Kami.
Bente og Henrik går i tiande klasse og reiser til Oslo for å laga ei skoleoppgåve, ein filmdokumentar om innvandrarjenter. Under opptaket første dagen skjer det noko:

Det var Bente som oppdaga henne. I eit portrom, halvt gøymd i skuggen, stod ei jente og gav eit teikn. Ho hadde sjal på hovudet. Under ei tjukk jakke stakk ein blå tunika fram over langbuksene. Nå la ho hendene i kryss framfor brystet som om ho hadde ei bøn til dei.
      Bente snudde seg mot Henrik, som stod eit par meter unna. Vinka han til seg. Med videokameraet i handa kom han bort.
      ”Ser du jenta der?” spurde jenta og nikka mot portrommet.
      Men jenta stod ikkje lenger der.
      ”Kvar da?” spurde Henrik.
     ”Ho vart berre plutseleg borte att,” sa Bente. ”Men det var akkurat som om ho ville oss noko. ’Please help me’, sa ho liksom.”

Bad ho dei om hjelp?
Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å gå langt. Situasjonen blir livsfarleg for fleire.

Skrive om boka:
«Fortellingen har et viktig budskap, språket er bra. En spennende og veldig bra ungdomsroman.» (Marius Persson Hårdnes, GD)

«På flukt er en spenstig roman som tar opp arven etter Pelle og Proffen og mikser passe doser romantikk og action.» (Byavisa Drammen)

Gå til forlagssida
Share on Facebook