Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Ny melding


(2003)
Ny melding

Ny melding er den første ungdomsboka mi, og den første i serien om Kami og Bente. Seinare har eg skrive to bøker til om same venninnene, ”Venneringen” og ”På flukt”.Kari-Marie, Kami blant venner, forsvinn ein kveld ho er på veg heim frå bussen. Ho går og snakkar med Bente og fortel om eit par typar som har gått av bussen samtidig med henne.

Men nå vart kontakten forstyrra av ei rar skurring. Deretter høyrde ho stemma til Kami svakt: «Hei. Eg snakkar med ei venninne.» Ei mannsstemme sa noko Bente ikkje oppfatta. Kami svarte: «Kva?» Og så etterpå: «Vent litt.»
 Plutseleg høyrde Bente ein dump lyd, som om venninna miste telefonen. Kontakten vart broten.
 «Hei,» sa ho, utan å få svar. Det var vel telefonen som var utladd, tenkte ho. Ho prøvde likevel å slå nummeret, men fekk beskjed om at mobiltelefonen var slått av eller var utanfor dekningsområdet. Kami ringjer så snart ho er heime, tenkte Bente, og bladde i vekebladet medan ho venta.
 Etter tjue minutt slo ho nummeret heim til venninna. Ingen svarte. Hadde ho alt rokke å leggje seg, utan å ringje først? Det likna ikkje Kami.

Kami kjem ikkje heim den kvelden, og ho blir derfor meldt sakna, og leiteaksjonar blir sette i gang. Neste dag er ho ennå ikkje komen til rette, både Bente og dei andre fryktar det verste.
        Men snart begynner Bente å få tekstmeldingar frå telefonen til Kami. Er det Kami som sender dei, eller er det nokon andre? Har ho rømt frivillig, eller blir ho halden fanga? I meldingane blir Bente bedt om å ikkje sei noko til andre, og kort tid etter får ho sjansen til å finne ut av det på eiga hand. Det fører Bente til Oslo og til farlege situasjonar.

Ungdommar om boka:
”Jeg valgte å lese boka fordi den hørtes spennende ut. Det jeg likte best ved boka var at den var spennende hele boka gjennom. Hele tiden skjedde det noe nytt, hvilket gjorde at boka aldri ble kjedelig.” (Ungdom anbefaler bøker, Sørum kommune)

”Boken er veldig spennende, og får deg til ville lese enda mer av denne forfatteren!” (sigridog.pointblog.no)

Gå til forlagssida
Share on Facebook