Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Nattskrik


(2008)
Nattskrik

Ei gruppe teateramatørar er på Sota Sæter i Skjåk for å vise eit stykke bygd på ei gammal segn om eit sjalusidrap. Dagen etter premieren forsvinn ei ung kvinne, ho blir seinare funne drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga.
Sakte men sikkert nærmar dei seg sanninga om drapsofferet og miljøet rundt henne. Tuva Velid gjer sine eigne undersøkingar. Gjennom Facebook finn ho fram til fleire av vennene til Line, og det fører henne også til ei nettside for folk som dyrkar natta og mørkret.

Frå dagboka til den drepne Line Spangen:
”Svart natt. Prøver å rydde opp i kaoset. Han var her og har dratt. Det som skjedde … eg er så gira. (….) Men nå …kva skjer? Første framsyninga er over. Alle tilfredse. Emil også, sjølv om han er så uendeleg stakkarsleg. Han kryp på knea. Prøver seg stadig, trur at det vi deler saman, fungerer som eit lim. Under framsyninga sa han ’du er mi og berre mi’ på ein måte som skremde meg. Han hadde fortent ei kule som mannen på setra. Tenk om …
      Og Kathinka, ja … Skulle ikkje vi vera bestevenninner? Er vi det? Eg tenkjer på det vi snakka om … Nei, drit i det. Eg vil berre gløyme. Av og til vil eg berre gå ut i mørkret og vera der. Aldri vende tilbake. Eg er eit nattmenneske. Vil kjenne natta som fløyel. Vil kjenne på dei mørke kreftene i oss. Det mørke og farlege…”
 
Nattskrik er den sjette krimboka mi, og den første sidan 2002. I mellomtida har eg skrive fleire andre bøker, ungdomsbøker, ein historisk roman, ei matbok. Derfor valde eg nye hovudpersonar, journalisten Tuva Velid og far hennar, politibetjent Hans Velid. Tanken er at dei skal vera med i fleire bøker framover. Mesteparten av handlinga er lagt til barndomsbygda mi Skjåk og til byen der eg nå bur, Lillehammer.

Frå bokmeldingar:
«Nattskrik er solid krim, trygt plassert innafor ein sjanger som tåler å bli dratt i mange retningar også slik at tradisjonsmateriale og eldre litteratur kan brukast saman med det som er heilt ut moderne og avansert.»
(Hans H. Skei, Aftenposten)

Gå til forlagssida
Share on Facebook