Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet


(2014)
Stian og Stine: MotorsykkelmysterietStian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko i nabolaget. Dei ser ein ukjent person i hagen, som stikk av når han blir oppdaga. Same kvelden blir ein gut påkøyrd av ein motorsykkel like ved der dei bur, og motorsyklisten stikk av. Noko mystisk har skjedd, og Stian og Stine bestemmer seg for å finne ut meir:
 

  • Kven var den mystiske personen i hagen, og kvifor var han der?
  • Kven køyrde motorsykkelen, og kvifor køyrde han ned guten?
  • Og kan alt dette ha ein samanheng med romleiren i nærleiken, som nokon har forsøkt å rasere?
  •  
    Stian og Stine tek saka i eigne hender, men jakta på svar fører dei opp i fleire skumle situasjonar.
     
    Dette er første boka i ein spenningsserie om Stian og Stine, skriven for ungar i alderen 9-13 år. Ja, for det blir fleire bøker om stesøskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!

     
    Frå bokmeldingar
    «Magnhild Bruheim, bosatt på Lillehammer, skriver strøkne krimromaner for unge lesere. (…) ikke bare har Bruheim skapt et sympatisk heltepar, som sikkert mange vil kunne gjenkjenne seg i. Men hun viser også at hun er god til å konstruere situasjoner med passelige elementer av det skumle.»
    Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad

    Gå til forlagssida
    Share on Facebook