Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Matminne frå Gudbrandsdalen


(2004)
Matminne

Denne matboka er skriven i samarbeid med Stig og Hilde Grytting, som driv tradisjonsgarden Sygard Grytting i Sør-Fron. Det er ein gard som har tilbode nattely for faste og vegfarande gjestar langs hovudvegen Oslo-Nidaros.
      Mat er tradisjon, historie og kultur, og denne boka set maten inn i ein slik samanheng. Ramma er det historiske miljøet på garden Sygard Grytting, med spekeskinka på stabburet, rømmegrauten i ambar og flatbrødet i flatbrødskuffen.
      Boka tek for seg tradisjonell gudbrandsdalskost som kokt kjøtt og flesk, vassgraut, fjellaure, rakefisk, lutfisk med lefse, mandelpoteter, raudost, tyttebær, rumbrød og annan bakst. Mange minne er knytte til mat. Kjende gudbrandsdølar som Asgeir Borgemoen, Astrid Brekken, Arne Brimi, Per Arne Glorvigen, Kari Bay Haugen, Erling Jevne, Torunn Kjøk, Øystein Rudi, Sigrun Slapgard, Christian Sulheim og Håkon Sveen (alias ’n Jalmar) deler her sine matminne med lesarane.
      Fotografen, som har tatt stemningsfulle foto av maten og garden, heiter Asmund Hanslien og jobbar til dagleg i Gudbrandsdølen Dagningen.

Gå til forlagssida
Share on Facebook