Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Stian og Stine: Hyttemysteriet


(2015)
Stian og Stine: HyttemysterietStian oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen, der det ein gong skjedde eit mord, som ikkje vart oppklart. Nå har nokon forsøkt å bryte seg inn der, og kanskje er personen framleis i nærleiken. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er.
 
Kva var det eigentleg som skjedde i hytta den gongen? Kven er det som vil inn i hytta nå, og kva vil han der? Kan det vera mordaren som har kome tilbake?
 
Stian og Stine er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Saman er dei gode til å løyse mysterium, men det er ikkje alltid like lett å skulle balansere detektivarbeid og kvardagsliv.
 
Hyttemysteriet er andre bok i ein engasjerande spenningsserie for dei yngre lesarane.

 
Gå til forlagssida
Share on Facebook