Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Dragsug


(2002)
Dragsug

Det starta med ein raud bruskork. Ein einsleg raud skrukork av plast. Ein liten fargeflekk som skar gjennom det gråskodda landskapet. Korken låg på det svarte berget. Hadde ikkje den raude flekken fanga blikket hennar, hadde Tone Tarud neppe sett den døde kvinna. Fargeflekken drog henne til seg. Eit par steg – så oppdaga ho at det låg noko i den breie bergkløfta nokre meter nedanfor. Ei nysgjerrig undring førte henne nærmare. Heilt til ho såg kva det var.

På ein skogstur i Lillehammer finn journalist Tone Tarud eit kvinnelik, og det viser seg snart at kvinna er drepen. Tarud og den døde kvinna har ein ting felles, dei har begge søkt partnar gjennom Internett. Etter kvart får Tone ei kjensle av at nokon er ute etter henne også. Ho får nokre nærgåande og merkelege meldingar og det skjer fleire ting som skremmer henne. Blir ho sirkla inn av den same mannen som tok livet av kvinna i skogen? Eller har hendingane samanheng med jobben hennar? Ho arbeider med ein radiodokumentar der ho intervjuar pårørande til menneske dømde for mord. Er det ein av drapsmennene som misliker at ho blandar seg inn?

Frå bokmeldingar:
”Denne boka er spennande. (…) Ymse former for maskering, med ymse føremål, har vore tema i fleire av Bruheim-krimmane (Varselet, Maskerade). Denne gongen har forfattaren effektivt vove i hop psykologi og moderne teknologi, heri oppteken mobiltelefonen. Tone Tarud er til å tru på – både engsteleg og pågåande, og tøff når det tel.
(Svein Sæter, Dag og Tid)

Gå til forlagssida
Share on Facebook