Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Stian og Stine: Bjørnemysteriet


(2016)
Stian og Stine: BjørnemysterietStian og Stine møter ein gråtande gut, som seier han har blitt rana av ein bjørn. Stian og Stine er sikre på at dei har fått eit nytt mysterium å løyse. Det kan vel ikkje vera ein verkeleg bjørn?
Under arbeidet med mysteriet kjem Stian og Stine over fleire dyrekostyme på ein nedlagd gard. Har dyrekostyma på garden noko å gjera med overfallet på guten?
I denne tredje spanande krimforteljinga om Stian og Stine hender det fleire ran og innbrot. Det rare er at gjerningsmennene har på seg dyrekostyme. Stian og Stine grip fatt i saka og byrjar etterforska saka på eiga hand. Slik viklar dei seg inn i fleire skumle situasjonar. Kven er ven og kven er skurk? Og kva er det eigenleg som føregår i nattemørket på garden Vistad?

Stine heldt pusten. Det eine dyret såg rett mot staden der dei stod. Det var som om den store ulven møtte blikket hennar, sjølv om ho heilt sikkert var usynleg der ho stod. Ho greip handa til Stian, berre for å vita sikkert at han var der. Saman måtte dei vera modige.

Ulven tok nokre steg nærmare.

Frå bokmeldingar
«… det en ganske original kriminalhistorie som fortelles, der hverdag og mystikk knyttes fint sammen. Ikke minst er det et hemmelighetsfullt rom fylt av dyrekostymer som virker ganske så foruroligende. I det hele tatt har Magnhild Bruheim mye stoff å sjonglere med, og hun gjør det med fin rytme og sikker retning på historien.»
Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad

Les også om dei to første bøkene i serien om Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet og Hyttemysteriet.

Gå til forlagssida
Share on Facebook