Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Bøkene mine


   
Varselet
Varselet (1997)
Kriminalroman

«Denne spenningsromanen er et fint bilde av hverdagsliv på bygda i Norge på sekstitallet, der tankegangen fra det gamle bondesamfunnet er i brytning med det moderne; der alle kjenner sin plass, men noen nekter å godta det. Det er sjelden å lese fortellinger fra bygda som er har så mange gjenkjennelsespunkter.Varselet er en uhyggelig kriminalroman befolket av tredimensjonale, troverdige karakterer. De mulige gjerningspersonene og motivene er mange, og med både skrømt, skam og spiritisme som ytterlig kompliserende faktorer blir det en både uhyggelig og spennende bok. Hvis jeg skulle si noe litt negativt, måtte det bli at historien kan grense til det litt naive og overforenklede fra tid til annen, men jeg kan trygt anbefale denne til deg som har lyst til å lese en krim med mindre asfalt og mer skog.» (Tone B)

 

 
Maskerade
Maskerade (1999)
Kriminalroman

Under ei nyttårsmaskerade blir Oddny Vangen funne drepen utanfor festlokalet. Det er uklart kven som kan ha hatt motiv for å ta livet av den ugifte 42-åringen, men etter kvart kjem stadig meir av hennar liv og hemmlege draumer for ein dag.Året er 1970, og politietterforskar Mons Strand er attende i den same bygda han løyste ei mordsak nokre år tidligare. Han er snart innblanda i dramatiske hendingar, styrt av sladder, sjalusi, erotikk, misunning og hat.

 

 
Utan englevakt
Utan englevakt (2000)
Kriminalroman

Etter å ha fått strålande mottaking for Varselet og Maskerade kjem Magnhild Bruheim med ein ny kriminalroman. Denne gongen er handlinga lagt til 70-talet, og politietterforskar Mons Strand må reise til ei lita bygd for å oppklare ei drapssak.Ein mannleg lærar døyr når huset hans brenn ned. Kona hans har tidlegare skulda han for mishandling, og granskinga viser at ho har vore innblanda i brannulykker før. Men andre kan også ha hatt motiv for å drepe han. Fleire har grunn til å teie om fortida, og skuld og uskuld er ikkje alltid lett å skilje. Mot eit bakteppe av kvinnefrigjering og politisk bevisstgjering avdekkjer Strand ei historie der mange er noko anna enn dei gir seg ut for å vere.

 

 
Lykkeland
Lykkeland (2000)
 

Lykkeland er ei personleg samling norske slagerminne frå søstrene Bjørklund til Fru Johnsen. Boka fortel om ei tid da «Zansibar» og «Frøken Johansen og jeg «feia over landet, Ønskekonserten var radioprogrammet alle lytta på, Wenche Myhre var tenåringsidol, og tekstar om kjærleik, svik, sjømenn og cowboyar gav meining. Mange tekstar frå slagerskatten er med, slik at den som vil kan syngje med.

 

 
Svart arv
Svart arv (2001)
Kriminalroman

Ny, dagsaktuell kriminalroman frå forfattaren av Varselet, Maskerade og Utan englevakt. «Dersom historia Karine Mollurd fortalde, var sann, måtte folket hennar hatt ein faen så god grunn for ikkje å oppspore han tidlegare. Han hissa seg plutseleg opp ved tanken på at dei hadde latt han i stikken i så mange år. Dei hadde sete trygt med familieeigedom og visst om at det fanst ein som ikkje hadde fått sin del. Ein som vart fornekta! Hadde det ikkje vore for Karine Mollurd, hadde han fått gå gjennom resten av livet like uvitande. Men kvifor hadde ho bestemt seg for endeleg å ta kontakt? Dette handla om meir enn arv, det kjende han seg sikker på. Kva var det ho ville bruke han til?»

 

 
Dragsug
Dragsug (2002)
Kriminalroman

På treningstur i skogen finn journalisten Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen.Tarud har møtt henne eit par veker tidlegare – på dansetreff for einslege – og ho får ei stadig sterkare kjensle av at nokon er ute etter henne sjølv også. Som einsleg har ho søkt etter partnar på Internett. Tarud arbeider med eit radioprogram med pårørande til menneske som er dømde for mord. Er det ein av mordarane som mislikar det ho arbeider med? Eller er det ein av mennene ho har møtt gjennom Internett? Kan det vere samanheng mellom drapet og det ho etter kvart opplever som trugsmål mot seg?

 

 
Ny melding
Ny melding (2003)
Ungdomsroman

Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ho blir meldt sakna etter at ho ein kveld går heim frå bussen saman med ein ukjent gut.Men snart begynner venninna Bente å få tekstmeldingar frå telefonen til Kami. Er det Kami som sender dei, eller er det nokon andre? Har ho rømt frivillig, eller blir ho halden fanga? I meldingane blir Bente bedt om å ikkje sei noko til andre, og kort tid etter får ho sjansen til å finne ut av det på eiga hand. Det fører Bente til Oslo og til farlege situasjonar.

 

 
Matminne
Matminne (2004)
 

Mat er tradisjon, historie og kultur, og denne boka set maten inn i ein slik samanheng. Ramma er det historiske miljøet på garden Sygard Grytting, med spekeskinka på stabburet, rømmegrauten i ambar og flatbrødet i flatbrødskuffen.Boka tek for seg tradisjonell gudbrandsdalskost som kokt kjøtt og flesk, vassgraut, fjellaure, rakefisk, lutfisk med lefse, mandelpoteter, raudost, tyttebær, rumbrød og annan bakst. Mange minne er knytte til mat. Kjende gudbrandsdølar som Asgeir Borgemoen, Astrid Brekken, Arne Brimi, Per Arne Glorvigen, Kari Bay Haugen, Erling Jevne, Torunn Kjøk, Øystein Rudi, Sigrun Slapgard, Christian Sulheim og Håkon Sveen (alias ’n Jalmar) deler her sine matminne med lesarane. Stig og Hilde Grytting eig og bur på garden Sygard Grytting i grenda Ryssland i Sør-Fron. Magnhild Bruheim er journalist og krimforfattar. Ho kjem frå Skjåk og bur på Lillehammer. Fotografen, som har tatt stemningsfulle foto av maten og garden, heiter Asmund Hanslien og jobbar til dagleg i Gudbrandsdølen Dagningen.
Forfattare: Magnhild Bruheim, Hilde Grytting og Aasmund Hanslien.

 

 
Trolldomskraft
Trolldomskraft (2005)
 

Året er 1730. Siri Jørgensdotter (13 år) sit på Øyer prestegard i Gudbrandsdalen og ventar på dommen. Framfor fut, sorenskrivar og prestar har ho forklart seg om hekseri.Ho fryktar for kva straff som no ventar henne. I tilbakeblikk følgjer vi Siri gjennom oppveksten, ein hard kvardag der kampen for å skaffe seg nok mat er den viktigaste oppgåva. Magnhild Bruheim har skrive ein medrivande og fengslande roman basert på ei faktisk hending i Gudbrandsdalen.

 

 
Venneringen
Venneringen (2007)
Ungdomsroman

Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt.Venninnene Kami og Ingrid har hemmelege ting på gang som ho ikkje får vite om. I hytteområdet skjer det innbrot og valdtekt, og jentene blir dratt inn i etterforskinga. Bente får ei bildemelding som tyder på at ein eller annan følgjer godt med på alt dei gjer. Dessutan er det vanskeleg å forstå om Marius eigentleg er forelska i henne.

«Dette er en bok som mange unge vil kjenne seg igjen i og leve seg inn i. Og spennende er den også!» (Kristin Søhoel, Gudbrandsdølen Dagningen)

 

 
Nattskrik
Nattskrik (2008)
Kriminalroman

Ei ung kvinne blir sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funnen drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga.Sakte men sikkert nærmar dei seg sanninga om drapsofferet og miljøet rundt henne. Tuva Velid gjer sine eigne undersøkingar. Gjennom Facebook finn ho fram til fleire av vennene til Line, og det fører henne også til ei nettside for folk som dyrkar natta og mørkret.

«Nattskrik er solid krim, trygt plassert innafor ein sjanger som tåler å bli dratt i mange retningar også slik at tradisjonsmateriale og eldre litteratur kan brukast saman med det som er heilt ut moderne og avansert.» (Hans H. Skei, Aftenposten)

 

 
På flukt
På flukt (2010)
Ungdomsroman

Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp?Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap.Magnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami.

«Fortellingen har et viktig budskap, språket er bra. En spennende og veldig bra ungdomsroman.» (Marius Persson Hårdnes, Gudbrandsdølen Dagningen)

 

 
Det som ein gong var
Det som ein gong var (2010)
Roman

Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt.

 

 
Blod på hendene
Blod på hendene (2011)
Ungdomsroman

Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt.

 

 
Det som er sant
Det som er sant (2013)
Ungdomsroman

Kva skjedde på det rommet på den festen? Kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det er ord mot ord?

 

 
Motorsykkelmysteriet
Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet (2014)
Ungdomsroman

Første bok i spenningsserien om Stian og Stine.

 

 
Hyttemysteriet
Stian og Stine: Hyttemysteriet (2015)
Ungdomsroman

Andre bok i spenningsserien om Stian og Stine.

 

 
Share on Facebook