Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Blogg


31. oktober: Ny turneveke starta på Stasjonsfjell skole i Oslo. Tre dobbelttimar, i morgon Haugenstua ungdomsskole. Dette er siste av fire turneveker i Akershus og Oslo. Dei fleste klassene er det hyggeleg å besøke, med aktive og engasjerte ungdommar. Men på enkelte skolar opplevest det å koma inn i ei klasse som å møte veggen. Eg funderer ein del på kvifor det er så forskjellig frå skole til skole. Eg trur det har mykje å seia om elevane er motiverte, eller om dei tenkjer at dette berre er ein time som er utanfor pensum og dermed ikkje så nøye om dei får med seg noko.

—————————

17. oktober: Nå er eg i gang med skoleturnear att. Det er fint. Førre veke var eg på Ingieråsen skole i Oppegård og hadde skriveverkstad for niandeklasser. Det var artig. Elevane var flittige og leverte mange gode tekster. Inspirerande for meg, og for elevane også, håper eg.

Denen veka er eg i Skedsmo, skolane der har lesefestival nå. Skal til Kjellervolla skole, Kjeller skole, Grunnskolen Oslo Kristne Senter (som ligg i Skedsmo) og Asak skole.

——–

14. september 2011: Ungdomsboka har fått gode meldingar både i VG og GD. Eg gler meg til å reise rundt på skolar og snakke om både om denne boka og andre. Skoleturneane startar 10. oktober. Den veka har eg skriveverksted på Ingieråsen skole i Oppegård.

Her er lenkar til bokmeldingane:

http://www.gd.no/kultur/boeker/article5724045.ece

http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10090099

—————————

31. august 2011: I går lanserte eg den nye boka «Blod på hendene» på biblioteket i Lillehammer. Gjester var to 9. klasser frå Smestad ungdomsskole. Det var hyggeleg å få presentert boka, og artig å lesa høgt frå den for første gong. Har begynt å gle meg til skoleturneane i haust der eg får snakka om boka og lesa også for andre i målgruppa. Boka vart veldig fin.

Boka handlar om motstand mot pelsdyroppdrett, her er lenka til ein av dyrevernorganisasjonane om boka:

http://www.dyrsfrihet.no/aktuelt/nettverkets-aktivisme-inspirerer-til-ungdomsbok

Det er tid for valkamp, så seinare i går leia eg to politiske debattar. Først ein debatt om eldreomsorg med dei fleste partitoppane i Lillehammer. Stort oppmøte av eldre, bra. Om kvelden var eg i Sør-From og leia eit debattmøte mellom politikarane frå dei partia som stiller der. Godt med folk der også, langt og bra møte.

—————————

18. april: I dag har eg levert frå meg det endelege manuset til ny bok! Det er ei ungdomsbok i serien om Kami og Bente, og den skal koma ut i haust. «Blod på hendene» er tittelen ( i alle fall er det tittelen nå).

Deretter tok eg fatt på årets sjølvmelding. Leveringsfrist 30. april, men det er godt å vera i gang i god tid. I morgon tar eg påskeferie, da går turen til Skjåk. Men det blir neppe så mange og lange skiturar i år, det er dårleg med snø i Skjåkfjella også. Påske er fint uansett. Her på Lillehammer er det flott vårver for tida.

—————

24. februar: Hyggeleg besøk på Byrknes skule denne veka. Vart godt motatt både av tilsette og elevar. Er heldig som får slike sjansar til å besøke skular på plassar der eg aldri før har vore, bli kjent med nye bitar av landet vårt. Skulle gjerne hatt betre tid der, men båten til Bergen går berre to gonger for dagen.I dag skal eg til Oslo, skal sjå «Innsirkling» på Det Norske Teatret i kveld. Eg likte godt boka av Carl Frode Tiller, håper framsyninga  får formidla noko av det. Har lese «Innsirkling 2″ også, den er minst like bra.

Snørusk i lufta att, nå er det snart nok.

—————————– 

21. februar: I dag går turen til Byrknes i Ytre Gulen, der eg skal møte ungdomsskoleelevane i morgon tidleg. Før det, tog, fly, båt, buss, spennande å koma til ein ny plass.

Sist veke har eg jobba vidare med eit krimmanus som eg planlegg å få ut som bok om eit år. «Venneringen» kjem ut i billigutgåve nå i mars, «På flukt» er nominert til Østfoldungdommens kritikerpris, boka var også på lista over dei 11 bøkene som fekk flott omtale i Uprisen. Og så jobbar eg med ny ungdomsbok, tittelen er ennå usikker. Så det skjer jo litt.

———————

11. februar: Dei siste dagane har eg reist rundt som premie! Utdrag frå «På flukt» er med i fjorårets tXt-aksjon, i heftet «Frå sans og samling». Som ein del av aksjonen kunne elevar sende inn svar på oppgåver. Nå er det kåra ei vinnarklasse eller vinnarskole i kvart fylke, dei får eit forfattarbesøk i premie. Onsdag besøkte eg ei klasse på Åretta ungdomskole i Lillehammer (oppland), i går var eg på Kvikne skole i Tynset (Hedmark). Det var ein lang biltur i snøver på vinterglatt føre, køyrde nok tilsaman over 50 mil. Men eg fekk jo eigentleg ein premie tilbake, ein time saman med ein hyggeleg lærar og ein like hyggeleg ungdomsgjeng på ein ny og flott skole. Alltid moro å møte nye folk på ulike kantar av landet. Om litt over ei veke skal eg til Gulen i Ytre Sogn.

—————————–

6. februar 2011: Nå er eg tilbake på bloggen etter eit opphald på vel to månader. Det har jo skjedd litt forskjelllig på denne tida, når det gjeld forfattarskapen er det viktigaste at eg vart ferdig med førsteutkast til ny ungdomsbok til 1. februar. brukte mesteparten av tida i desember og januar til skriving.Er elles i gang med skolebesøk att. Den veka som gjekk var eg tre dagar på Nord-Aurdal ungdomsskole og gjorde ferdig den delen av Valdresturneen som måtte utsetjast før jul pga at eg miste stemma. Neste veke skal eg vera «premie» på eit par skolar, til klasser for har vunne eit forfattarbesøk i Aksjon tXt 2010. Åretta ungdomsskole i Lillehammer (Oppland), Kvikne skole i Østerdalen (Hedmark).

——————–

1. desember: I går var eg på mitt siste skolebesøk dette året. Ikkje den kulturelle skolesekken denne gongen, men eg var invitert til Hovseter ungdomsskole i Oslo, der dei hadde ein dag for lesing og lesestimulering. Eg møtte 3 + 2 klasser frå 10. klassesteg. Det var hyggeleg, håper at enkelte av elevane her fekk lyst til å lesa ei eller fleire av bøkene mine. Ja, eg vart faktisk kjent med ei jente som hadde bestemt seg for å skrive oppgåve om meg før ho visste at eg kom dit. Ho er i gang med å lesa «På flukt».

Så er vi inne i julemånaden. Det blir rolegare dagar framover mot ferie, reknar med å få ein del tid framfor PC-en.

————————

29. november: Har skrive om bokblogging på sidene til Samlaget, der eg har eigen blogg:

http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/B/Magnhild-Bruheim/Blog/Ja-til-bokblogging.aspx

————————–

26. november: Har fått tilbake både stemma og motet, men hanglar framleis litt. Heldigvis så er det færre oppdrag med reising denne veka, så eg kan ta det meir med ro. 

I går kveld intervjua eg Laila Bokhari på biblioteket i Lillehammer. Laila er norsk-pakistansk, oppvaksen på Lillehammer og arbeider nå i Pakistan. Ho kom i haust ut med boka «Hellig vrede», der ho prøver å finne ut av dette sinnet som finst hos så mange pakistanarar. I boka intervjuar ho terroristleiarar, menn som har deltatt i heilage krigar, mødre som har ofra sønene sine i sjølvmordsaksjonar, og kjem på denne måten meir på innsida av det som skjer i landet. Ei interessant bok som gjev kunnskap og ettertanke.

——————–

18. november: Måtte dessverre avbryte skoleturneen i Valdres, hadde ikkje stemme til å gjennomføre timane i Nord-Aurdal. Reiste derfor heim til Lillehammer, her har eg legi til sengs mesteparten av tida med hovudverk dei siste to dagane. Er svimmel og vil berre sova, har vore innom legevakta for ein sjekk i kveld. Og eg er framleis stemmelaus.

Har fått fleire forslag til 2. kapittel frå den gruppa i 8. klasse i Øystre Slidre som har skrive vidare på ein tekst. Det skal bli moro å lesa og gje tilbakemelding på det når eg frisknar til. Håper eg får tatt att timane i Nord-Aurdal om ikkje så lenge.

—————–

16. november: Er tilbake i Valdres. Har hatt tils fire timar på Øystre Slidre ungdomsskule. Men stiller dessverre med eit stort handikap: eg har nesten ikkje stemme. Fredag kom den årlege førjulssjuka, med sår hals, feber, rennande nase. Låg mykje av helga for å koma raskare over det, men måndag vakna eg nesten stemmelaus, enda verre var det i dag. Har pressa den til det ytste, men det er ikkje moro verken for meg eller dei som skal høyre på. Takk til alle elevane på skulen i Øystre Slidre, dei sat heilt stille og snille slik at eg slapp å heve stemma enda eit hakk. Her vart eg elles tatt imot av veldig hyggeleg kulturkontaktar, elevar i raude T-skjorter som viste meg veg gjennom skolelabyrinten til klasseromma. Og klassene hadde anten lese halve «Venneringen» eller «Ny melding», så det var noko å gå vidare på, det er så bra med alle lærarar som gjer noko meir ut av eit forfattarbesøk. Har levert teksten «1. kapittel» til eit par lærarar, ei mogleg skriveoppgåve er at elevane skriv vidare på den. Det kan jo vera spennande å sjå kva som kan koma ut av det!

Eg skulle gjerne fått tid til å skrive litt att eg også snart, kanskje neste veke?

———————————

12. november: denne veka har eg vore på oppdrag på Gardermoen og i Jølster. Før klokka sju om morgonen onsdag stilte eg saman med ein del fleire andre forfattarar på litteraturdag på Oslo lufthavn. Det vart eit skikkeleg stuntopplegg, mi gruppe (krim) skulle lesa på to restaurantar/barar i avgangshallen. Den eine av dei opna ikkje før 11, den andre var så støyete at vi fann ut at det var umogleg å lesa der, var det var ikkje mikrofon og anlegg. Det enda med at vi las for små grupper på ein liten bar og ved utgangane, svært eksklusivt, kan ein vel seia. Folk var stort sett positive og høflege, men vi las kortare tekster enn det som var meininga.

Tok fly vidare til Førde, og så buss til Fjærland, der eg overnatta hos ein hyggeleg familie. Torsdag hadde eg tre timar på ungdomsskulen i Skei, 8., 9. og 10. klasse saman. Sidan vi hadde så mykje tid, prøvde eg noko eg ikkje har gjort før: Skreiv eit første kapittel til noko som kunne vore bokprosjekt, elevane drøfta vidare handling i grupper. Veit ikkje korleis det fungerte, men det kom i alle fall mange gode idear. Kanskje er ungdomsskulelevane på Skei dei eg skal kontakte neste gong eg står idefast i eit manus??

Lang busstur heim. I natt kom første snøen, her er det kvitt og vinterleg nå.

————————

9. november: Godt med rolege dagar heime i Kirkegata, i det nye huset. Men i dag skal eg på farten att, i første omgang til Gardermoen. For i morgon tidleg skal eg vera med på ein stor litteraturdag på flyplassområdet, arrangert i samband med Leseåret og Leseløftet. Forfattarar skal lesa ved utgangar, på restaurantar, ved bagasjeband og andre stader, i fleire timar blir det servert litteratur. Eg skal delta frå 07 til 12, deretter tar eg fly til Førde og buss vidare til Fjærland. For torsdag skal eg besøkje Skei ungdomsskole i Jølster. Tredje vestlandsturen min i haust.

Men det er kaldt, så snart er det vinter.

———-

5. november: Av og til når eg besøker ei skoleklasse, opplever eg det som å stå framfor ein vegg. Eg prøver å finne ei opning, litt kontakt, men alt verkar stengt. Det er ikkje berre det at elevane ikkje vil kommunisere, men eg opplever stemninga som motvilje. Slik var det å møte 9. klasse i Vestre Slidre i dag. Dei timane er tunge å koma seg gjennom, det kjennest som om eg pratar og pratar til inga nytte, og har mest lyst til å gå midt i timen. I 10. klasse vart det lettare, her kom det nokre spørsmål, men det viktigaste var at her kjendest det ut som om mange av elevane var med uansett. Og 8. klassingane var riktig livlege, her var det mange førebudde og gode spørsmål, aktiv deltaking og kontakt. Men det er verkeleg rart å merke kor ulikt klasser fungerer som gruppe.

Nå er det helg og fri. Neste veke er det andre oppdrag som kallar, men veka etter det er eg på plass i Valdres att. Da er det Øystre Slidre og Nord-Aurdal som står for tur.

—————-

4. november: skrapa is av bilrutene for første gong i år, før turen til Vang. Her bles det litt, det skumma kvitt på Vangsmjøsa. Fin bygd, minner om Skjåk med fjellandskapet rundt. To skoletimar på ungdomsskolen, 10. først og deretter 8. og 9. saman. Vart introdusert av to hyggelege elev-kulturkontaktar. I begge gruppene fanst det leselystne og skriveglade elevar, trur nok det kan vera enkelte talent her. Ein del gode spørsmål som utgangspunkt for dialog, og elles høflege og hyggelege elevar. Fint at også bibliotekaren kom innom for å låne ut bøker.

Køyrde til Lillehammer att etterpå, pga oppdrag på perinataldagane på Lillehammer hotell. Leia bokbad med krimforfattarane Jorunn Thørring og Torgrim Sørnes. Latter i salen og positive tilbakemeldingar. I morgon tidleg blir det å køyre tilbake til valdres, til vestre slidre, ikkje langt frå der eg var i dag. Litt for mykje køyring, men godt å koma heim ein tur også.

—————-

3. november: Sør-Aurdal ungdomsskole i dag, tre timar i tre klasser. Alle klasser var førebudde, hadde lese både tekstutdraget av «På flukt» og utdraget frå «Ny melding» i eit leseverk. Godt utgangspunkt. 8. klasse først, hyggeleg og god stemning, alle var rolege, også dei som sikkert ikkje følgde så godt med. Mange var ivrige til å spørja, det er bra, for da er det lettare å føle at ein har kontakt med elevane. Men kva var det med 9. klasse. Her var dei stille. Var dei trøytte etter ein time i bassenget? Eller rett og slett mindre motiverte? Uråd å vita, det var i alle fall vanskeleg å få ei hand i veret her. Dei ville ikkje eingong svara på kva tekstutdraget dei hadde lese, handla om. Kanskje venta dei på at nokon andre skulle svara. Det treng ikkje bety at dei er uinteresserte, dei kan jo få med seg ting ved å lytte også. I 10. klasse hagla det med gode spørsmål, veldig moro for den som er på besøk, som får sagt det ein vil gjennom samtale og kontakt. Her er det nok fleire litteraturelskarar, tenkjer eg, kanskje dei som likar å skrive også, det er så fint med ungdom som tydeleg viser interesse. Alt i alt var det ei positiv oppleving å besøke skolen, også lærarane tok godt imot meg.

Så er det spennande korleis det er i Vang i morgon. I kveld skal eg lesa i boka «Ondskap», som handlar om 39 saker om folk som vart henretta på 1800-talet. I morgon ettermiddag skal eg intervjue forfattaren av den boka + ein annan forfattar, så da må eg køyre ein tur tilbake til Lillehammer.

————————-

2. november: Møtte vinteren på veg til Hedalen i dag. Snøføre og skodde over åsen frå E16 til Hedalen. Ei bygd eg aldri tidlegare har besøkt. Som NRK-reporter i Oppland har eg vore innom mange krikar og krokar i fylket, men altså aldri i Hedalen. Bygda er kjent for stavkyrkje, Madonnafigur, Vassfaret (den einaste staden i landet der det fanst bjørn i min oppvekst). Men det var altså ungdomsskolen som var målet mitt med turen. Det stod elevar og lærarar ute i ruskeveret, fordi brannalarmen nettopp hadde gått. Inne i bygningen var det folk som sjekka lenge og vel, utan å finne noko teikn til brann. Vi vart sleppte inn tidsnok til å rekkje første time, som var min time saman med elevane frå 8., 9. og 10. klasse. Dei hadde lese tekstutdraget av «På flukt» i tXt-heftet og kunne referere det dei hadde lese der, og hadde også førebudd spørsmål. Men dei var ikkje så mykje frampå, trur ein del var morgontrøytte. Likevel, det kom nokre spørsmål etter kvart, og dei fleste såg ut til å følgje interessert med, eg vel å tolke det på den måten. Eg opplevde det i alle fall som positivt. Hyggelege og imøtekomande lærarar også, alle som var med på timen, helsa på meg, og det er det ikkje alltid lærarane gjer, faktisk!

———————–

1. november: Etnedal skule i dag. Ei lita kommune, enda mindre enn mi heimbygd Skjåk. Stille elevar, dei har ingenting å spørja om, men dei sit stille, og det ser ut som om dei fleste følgjer med. Kva inntrykk får dei av det eg seier og les? Kva tenkjer dei? Slike ting ein gjerne skulle hatt svar på. «Er det nokon her som likar å skrive?» Ei forsiktig hand i veret. «Som likar å lesa da?» Fleire hender i veret. Eg pratar og pratar. Slik kan eit besøk på ein ungdomsskule vera. Og eg håper at somme av dei ungdommane som sit her, har fått noko att for timen, kanskje lyst til å lesa ei av bøkene, kanskje skrive litt sjølv, kanskje tenkje.

—————————

30. oktober: sit på eit hotellrom i Aurland, nærmare bestemt Fretheim hotell i Flåm. Er på litteraturdagar, der eg har intervjua forfattarkollegaene Aina Basso og Rønnaug Kleiva, begge har skrive gode bøker og dei er lette å intervjue. Men nå er det snart kvelden, og eg skal vera over til i morgon. I kveld skal eg eta smalahove, for det blir servert her på hotellet. Det er jo ei stund sidan eg åt det sist, så det kan nok smaka.

Dette er slutten på ei travel veke med mykje farting, var på Hjerleid bibliotek på Dovre og presenterte boka mi måndag kveld, triveleg kveld, tysdag kveld hadde eg rolla som møte/debattleiar på Rudi gard i Sør-Fron, der temaet var dyrevelferd, i etterkant av fleire dyretragediar dei siste åra. Torsdag var det forfattarkveld på biblioteket i Lom, bibliotekar Rita Mundal intervjua Ragnhild Kolden og meg, dessutan vart det servert tapas laga av Morten Schakenda, også ein svært hyggeleg kveld.

Nå er eg altså her på Vestlandet. I morgon køyrer eg over fjellet att, men ikkje lenger enn til Fagernes. Måndag startar ny skoleturne, denne gongen i Valdres. I løpet av to veker skal eg besøke alle ungdomsskolane i dalføret. Det gler eg meg til.

———————————-

24. oktober: heime att etter ei veke i Palestina, der vi har sett på nært hald korleis israelske myndigheiter og jødiske nybyggjarar oppfører seg mot palestinarane. Det er opprørande, og vi norske demokratar som meiner at rettferd er eit viktig prinsipp, blir sinte. På turen las eg boka «Morgen i Jenin» av Susan Abulhawa, den gjev ei litterær framstilling av det same. Ei bok som gjer at ein forstår betre kva det folket har vore gjennom og vilkår som dei framleis lever under. 

Dagen før eg reiste, den 14. oktober, sende eg inn til forlaget nytt krimmanus.

—————-

12. oktober: Fredag kom den første (og førebels einaste) bokmeldinga på «Det som ein gong var». Den gjorde meg trist og skuffa, derfor har eg skrive om dette på Samlagsbloggen min denne veka:

http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/B/Magnhild-Bruheim/Blog/Ei-trist-sak.aspx

—————————

4. oktober: I dag debuterer eg som Samlagsbloggar også. Det har tatt si tid å få den opp og stå, men nå er den på plass med bloggar frå fleire forfattarar. I det første innlegget mitt skriv eg om Flinke menn (som det er mange av).

http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/B/Magnhild-Bruheim/Blog/Forfattarmennene.aspx

———————-

29. september: Heime på Lillehammer og arbeider med mangt, førebur intervju, skriv på manus, skriv på avisspalte, førebur innlegg til seminar, ryddar … Ferdig med Akershusturneen, Risil ungdomsskole i går. Veldig hyggeleg å møte gruppa med 8. klassingane, i gruppa med 9. klassingar så var det enkelte som ikkje har folkeskikk og som øydela inntrykket. Alt i alt veldig positiv turne, ser fram til den neste, som er i Valdres.

U-prisen ønskjer nå meininga til ungdommar om årets ungdomsbøker. Ei av bøkene du kan seia di meining om er «På flukt»

http://www.uprisen.no/index.php?option=com_content&view=article&catid=112:roman&id=208:pa-flukt&Itemid=215#jr_reviewUserSummaryMainTitle

—————–

27. september: Turneen fortset. I dag på Grevlingen skole i Son. To store grupper. I morgon Risil ungdomsskole, også det i Vestby kommune. Kjem meg jo rundt til stader der eg aldri har vore før. Har hatt mange hyggelege timar på turneen. Enkelte plassar dukkar det opp hjelpsame vertar frå elevgruppa, det er ekstra stas. Fint å bli presentert, så eg slepp å gjera det sjølv heile tida.

Var heime på Lillehammer i helga, godt å få vera litt i nyhuset, sjølv om det framleis er mykje rot der. Men betre for kvar dag. Får stadig positive tilbakemeldingar på siste boka, meir enn det som er vanleg. Men eg ventar framleis på meldingar i aviser!

——————————–

22. september: Denne veka og delar av neste er eg på turne med den kulturelle skolesekken i Akershuskommunar. Måndag var eg på Gjerdrum ungdomsskole, i går på Vesong ungdomsskole i Ullensaker, i dag Nordby, i morgon Allergot, også dei i Ullensaker. Hyggelege elevar å besøke så langt, sjølv om eg ikkje ventar at alle er like interesserte. Mange aktive, som spør og viser interesse, mange vil låne og lesa bøkene. Og eg har snakka med jenter som gjerne vil bli forfattar, det er moro.

«På flukt» er den boka eg snakkar mest om på denne turneen, fordi det er den siste ungdomsboka så langt, den kom i vår, og har eit aktuelt tema, tvangsekteskap. Og så snakkar eg om forfattaskapen elles, om det å arbeide som forfattar, kvifor eg skriv, og om kva som skal til for å skrive spennande. 

————————————————–

19. september: Lanseringa i Skjåk gjekk fint, med mykje folk og godt boksal. Det var faktisk moro å presentere ei så personleg bok. Etter den tid har eg vore innom poesifestivalen i Ulvik, på besøk i Lofthus og er nå tilbake i det kaotiske husværet på lillehammer. I morgon tidleg reiser eg til Gjerdrum, starten på turne i ungdomsskolar i Akershus, den kulturelle skolesekken.

————

16. september: I dag reiser eg til Skjåk for å lansere den nye boka på biblioteket i kveld. Heilt riktig at ei bok som er så sterkt knytta til oppveksten min blir lansert der. Har fått fleire hyggelege tilbakemeldingar frå andre som har lese boka dei siste dagane.

Elles er flytteprosessen komen så langt at vi er i hus med alt vårt i Kirkegata. Siste lasset vart køyrt i går, nøklane overlevert til ny eigar, og nå er det seks studentar som bur i huset som var vårt i ca 15 år. Hyggeleg. Trudde aldri vi skulle blir ferdige med å tømme huset og få det ordna etter oss, men nå er det over. Så får vi leva i kaoset her i nyheimen utover hausten, så kjem det vel på plass litt etter litt.

———–

1. september: I dag stod første intervjuet om den nye boka i GD, under tittelen «Minner frå ein himmelblå Taunus». Om eit par dagar kjem det intervju i Fjuken også. I går fekk eg ei melding frå Vigdis i Fjuken som gjorde meg glad, ho hadde lese boka og gav hyggeleg tilbakemelding.

Det skjer også andre viktige ting i desse dagar. I dag overtok vi nytt husvære i Kirkegata i Lillehammer. Så vi er midt oppe i ein flyttesjau, mykje arbeid, men spennande.

———-

25. august: Boka er ferdig! Da eg kom på pressekonferansen til haustlanseringa i Samlaget i går, fekk eg første eksemplaret av «Det som ein gong var» i handa. Nå blir det spennande framover. Lansering i Skjåk 16. september.

————-

19. august:  Endeleg har eg fått mi eiga nettside. Her kan du lesa om bøkene mine ved å klikke inn på titlane. På denne bloggen skal eg skrive litt om det som elles skjer.
     Akkurat nå ventar eg spent på at den nye boka mi skal koma ut i september. Det er ein oppvekstroman, med mykje sjølvbiografisk stoff. Den boka har eg skrive på i mange år.
      Men det første som skjer nå er haustlanseringa i Samlaget den 24. august.

 
Share on Facebook