Magnhild Bruheims forfattarside

Om meg og bøkene mine

Siste nytt


Den tredje boka i serien om Stian og Stine, Bjørnemysteriet…….






 

STIAN OG STINE-serien
Stian og Stine: Bjørnemysteriet   Stian og Stine møter ein gråtande gut, som seier han har blitt rana av ein bjørn. Stian og Stine er sikre på at dei har fått eit nytt mysterium å løyse. Det kan vel ikkje vera ein verkeleg bjørn?
Under arbeidet med mysteriet kjem Stian og Stine over fleire dyrekostyme på ein nedlagd gard. Har dyrekostyma på garden noko å gjera med overfallet på guten?
I denne tredje spanande krimforteljinga om Stian og Stine hender det fleire ran og innbrot. Det rare er at gjerningsmennene har på seg dyrekostyme. Stian og Stine grip fatt i saka og byrjar etterforska saka på eiga hand. Slik viklar dei seg inn i fleire skumle situasjonar. Kven er ven og kven er skurk? Og kva er det eigenleg som føregår i nattemørket på garden Vistad?

Stine heldt pusten. Det eine dyret såg rett mot staden der dei stod. Det var som om den store ulven møtte blikket hennar, sjølv om ho heilt sikkert var usynleg der ho stod. Ho greip handa til Stian, berre for å vita sikkert at han var der. Saman måtte dei vera modige.

Ulven tok nokre steg nærmare.

Frå bokmeldingar
«… det en ganske original kriminalhistorie som fortelles, der hverdag og mystikk knyttes fint sammen. Ikke minst er det et hemmelighetsfullt rom fylt av dyrekostymer som virker ganske så foruroligende. I det hele tatt har Magnhild Bruheim mye stoff å sjonglere med, og hun gjør det med fin rytme og sikker retning på historien.»
Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad


 

Stian og Stine: Hyttemysteriet   Stian oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen, der det ein gong skjedde eit mord, som ikkje vart oppklart. Nå har nokon forsøkt å bryte seg inn der, og kanskje er personen framleis i nærleiken. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er.
 

Kva var det eigentleg som skjedde i hytta den gongen? Kven er edt som vil inn i hytta nå, og kva vil han der? Kan det vera mordaren som har kome tilbake?
 

Stian og Stine er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Saman er dei gode til å løyse mysterium, men det er ikkje alltid like lett å skulle balansere detektivarbeid og kvardagsliv.
 
Hyttemysteriet er andre bok i ein engasjerande spenningsserie for dei yngre lesarane.
 


 

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet   Stian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko i nabolaget. Dei ser ein ukjent person i hagen, som stikk av når han blir oppdaga. Same kvelden blir ein gut påkøyrd av ein motorsykkel like ved der dei bur, og motorsyklisten stikk av. Noko mystisk har skjedd, og Stian og Stine bestemmer seg for å finne ut meir:

  • Kven var den mystiske personen i hagen, og kvifor var han der?
  • Kven køyrde motorsykkelen, og kvifor køyrde han ned guten?
  • Og kan alt dette ha ein samanheng med romleiren i nærleiken, som nokon har forsøkt å rasere?

 
Stian og Stine tek saka i eigne hender, men jakta på svar fører dei opp i fleire skumle situasjonar.
 
Dette er første boka i ein spenningsserie om Stian og Stine, skriven for ungar i alderen 9-13 år. Ja, for det blir fleire bøker om stesøskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!
 
Frå bokmeldingar
«Magnhild Bruheim, bosatt på Lillehammer, skriver strøkne krimromaner for unge lesere. (…) ikke bare har Bruheim skapt et sympatisk heltepar, som sikkert mange vil kunne gjenkjenne seg i. Men hun viser også at hun er god til å konstruere situasjoner med passelige elementer av det skumle.»
Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad

Share on Facebook