Trolldomskraft

«Mennene ser strengt på henne. Ho torer ikkje møte blikka, men kjenner korleis dei fyller rommet slik at ho nesten ikkje får puste. I dag skal dei dømme henne. Ho har vore med på noko farleg og syndig. Det var det Kirsti hadde sagt. Før elden fortærte smørehornet og kosten og alt vart gråt og hyling. Skal elden ta henne også?»

Året er 1730. Siri Jørgensdotter (13 år) sit på Øyer prestegard i Gudbrandsdalen og ventar på dommen. Framfor fut, sorenskrivar og prestar har ho forklart seg om hekseri. Ho fryktar for kva straff som no ventar henne. I tilbakeblikk følgjer vi Siri gjennom oppveksten og hendingane som fører fram til avhøyret. Kvardagane er fylte av kampen for å skaffe seg nok mat er den viktigaste oppgåva.

Romanen er basert på ei faktisk hending i Gudbrandsdalen. Siri Jørgensdotter voks opp på ein husmannsplass i Tretten. Ifølgje forklaringa ho sjølv gjev i avhøyr, har både mora og faren døydd tidleg. Da også bestemora døyr, blir ho sendt til slektningar i Øyer. Her fortel ho fantasifulle historier om hekseri og trollturar ho har gjort til Blåkollen (Bloksberg) saman med bestemor si. Der har ho site til bords med sjølvaste Djevelen. Slektningane finn også bevis som tyder på at jenta er innblanda i trolldomssaker, og dei sender henne frå seg.

Avhøyret av Siri er den siste dokumenterte trolldomssaka i Norge. I århundret før vart mange kvinner og menn både i Gudbrandsdalen og andre stader brende på bålet eller halshogne på grunn av trolldom.

Frå bokmeldingar
«Magnhild Bruheim er mest kjent for fem kriminalromaner, hun er dessuten en av svært få som skriver krim på nynorsk. Men om hun midlertidig har forlatt sjangeren med «Trolldomskraft», så har hun ikke glemt kunsten å fortelle en spennende og uhyggelig historie.»
(Kurt Hansen, Dagbladet)