På flukt er den tredje boka i serien om venninnene Bente og Kami. Bente og Henrik går i tiande klasse og reiser til Oslo for å laga ei skoleoppgåve, ein filmdokumentar om innvandrarjenter. Under opptaket første dagen skjer det noko:
Bente snudde seg mot Henrik, som stod eit par meter unna. Vinka han til seg. Med videokameraet i handa kom han bort.
«Ser du jenta der?» spurde jenta og nikka mot portrommet.
Men jenta stod ikkje lenger der.
«Kvar da?» spurde Henrik.
«Ho vart berre plutseleg borte att,» sa Bente. «Men det var akkurat som om ho ville oss noko. ’Please help me’, sa ho liksom.»
Bad ho dei om hjelp?
Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å gå langt. Situasjonen blir livsfarleg for fleire.