Stian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko i nabolaget. Dei ser ein ukjent person i hagen, som stikk av når han blir oppdaga. Same kvelden blir ein gut påkøyrd av ein motorsykkel like ved der dei bur, og motorsyklisten stikk av. Noko mystisk har skjedd, og Stian og Stine bestemmer seg for å finne ut meir:
- Kven var den mystiske personen i hagen, og kvifor var han der?
- Kven køyrde motorsykkelen, og kvifor køyrde han ned guten?
- Og kan alt dette ha ein samanheng med romleiren i nærleiken, som nokon har forsøkt å rasere?
Stian og Stine tek saka i eigne hender, men jakta på svar fører dei opp i fleire skumle situasjonar.
Dette er første boka i ein spenningsserie om Stian og Stine, skriven for ungar i alderen 9-13 år. Ja, for det blir fleire bøker om stesøskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!