Lykkeland skreiv eg saman med ei venninne, Sissel Bjørgan, ein tidlegare kollega frå programposten «Sånn er livet» i NRK. Vi har felles interesse av gamle slagerar, og derfor laga vi denne mimreboka.
Lykkeland er ei personleg samling norske slagerminne frå søstrene Bjørklund til Fru Johnsen. Boka fortel om ei tid da «Zansibar» og «Frøken Johansen og jeg» feia over landet, Ønskekonserten var radioprogrammet alle lytta på, Wenche Myhre var tenåringsidol, og tekstar om kjærleik, svik, sjømenn og cowboyar gav meining. Mange tekstar frå slagerskatten er med, slik at den som vil kan syngje med.
At Wenche Myhre var utruleg populær i sekstiåra, viser innlegga som kom inn til ungdomsbladet «Det Nye». Ein del av dei vart siterte over to sider i bladet. Her er frå eit par av innlegga: